Historie

Knarvik skulekorps vart stifta 22. september 1975. Korpset vart stifta av Isdal Hjelmås Musikklag, som syntest det var på plass med eit skulekorps i Knarvik. 50000 kr. vart bruk til innkjøp av 24 ulike instrument. Det opphavlege namnet var Knarvik Musikkorps, men i 1977 bytta korpset namn til Knarvik Skulekorps. Frå starten var det 42 musikantar med i korpset. Den første dirigenten var Herleif Kvamme.  

No for tida

Korpset har dei siste åra opplevd ein kraftig vekst. I år 2000 var korpset nede i 15 medlemmar, men etter nokre år med drastisk vekst, var medlemstalet i 2007 oppe i 60. Dette har ført til at korpset har starta eit juniorkorps, som ein mild overgang frå aspirant til seniorkorpsmedlem. Mange av musikantane som har spelt i Knarvik Skulekorps vel også å fortsette i korps når dei vert for gamle for skulekorpset, og fleire av musikantane har spelt og speler i korps på veldig høgt nivå, blant anna Eikanger-Bjørsvik Musikklag og Manger Musikklag. Veksten i Knarvik-krinsen syter og for ein auking i medlemsantall, noko som gjør at korpset klarar å halde eit jamnt høgt musikalsk nivå. Det er også eit positivt samarbeid med gode Brass Band i område, som Oster Brass og andre skulekorps.

Merittar

22. Juni 2013 var ein stor dag for musikantar, dirigent og foreldre. Denne dagen vart historisk då Knarvik skulekorps vann 2. div NM for skulekorps i Stavanger under leiing av dirigent Aidan Smith.
Korpset spelte Saint Sâens variations av Phillip Sparke
Dette var første gongen Knarvik skulekorps vann eit NM:)
Søk
Driftes av Styreportalen AS